Klargjør siden...
Annonse

Ten Hag med draumestart i Manchester United – Overlegen siger mot Liverpool

Manchester United opna sesongoppkøyringa med 4-0-siger over Liverpool i den første treningskampen i Thailand.

Både Manchester United og Liverpool har lagt delar av sesongoppkøyringa til Asia framfor den kommande sesongen.

Erik ten Hag leidde dei raudkledde frå Manchester for første gong frå sidelinja, og leika tidvis med Liverpool i 4-0-sigeren i Bangkok i Thailand.

Jadon Sancho sende Manchester United i leiinga etter ti minutt. Ei svak klarering i feltet hamna hos 22-åringen, som sette ballen nede i lengste hjørnet.

Deretter dobla Fred leiinga etter ein halvtime. Dei raude djevlane spelte seg opp i sekstenmeteren til Liverpool. Joe Gomez fekk klarert ballen ut i returrommet, men Fred fekk chippa ballen over Alisson Becker og inn i mål.

Like etterpå sat ballen endå ein gong i nettet då Anthony Martial skar inn i feltet frå høgresida og vippa ballen over Alisson.

I andreomgang la 20-åringen Facundo Pellistri på til 4–0 for Manchester United.

Det vart gjort mange byte undervegs i kampen. Manchester United stilte med eit sterkt mannskap frå start, medan dei fleste stjernespelarane hos Liverpool starta kampen på benken.

(©NPK)

Manchester United vann 4–0 over Liverpool i den første treningskampen i oppkøyringa til 2022/23-sesongen. Anthony Martial skåra det tredje målet. Foto: Fredrik Hagen / NTB

Annonse