Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dei russisklojale styresmaktene i byen Kherson sør i Ukraina forlèt no byen, opplyser ein Moskva-lojal tenestemann.
Publisert: 19.10.2022 kl 10:58
Sist oppdatert: 19.10.2022 kl 13:33
Evakueringa skjer samtidig som ukrainske styrkar gjennomfører ein motoffensiv i Kherson fylke for å ta tilbake okkuperte område.
– Heile administrasjonen flyttar seg alt i dag til den venstre breidda av Dnipro-elva, seier den russisk-innsette leiaren i Kherson fylke, Vladimir Saldo, på statleg russisk fjernsyn.
Evakueringa skjer ifølgje han fordi administrasjonen tek forholdsreglar, men han seier at dei russiske styrkane blir verande i byen.
– Byen blir verande heilt og fullt på hendene våre, men vi må sørgje for at sivilbefolkninga er trygg. Det er ingen som vil gi slepp på Kherson. Dei russiske soldatane vil kjempe til døden, seier Saldo.
Det er dei siste dagane meldt om harde kampar i fylket, og fleire område er ifølgje Ukraina inntekne av ukrainske styrkar.
Ifølgje nestleiaren i den Moskva-lojale administrasjonen, Kirill Stremousov, har dei ukrainske styrkane angripe landsbyane Nova Kamianka og Beryslav, men angrepa er slått tilbake.
Stremousov hevdar også at Ukraina har sett inn titusenvis av soldatar for å ta tilbake Kherson.
Russiske styrkar skal på si side ha hatt framgang i Kharkiv-fylket og hevdar å ha erobra fleire område frå ukrainske styrkar der.
Tidlegare onsdag opplyste Saldo at mellom 50.000 og 60.000 innbyggjarar i byen Kherson skal evakuerast dei seks neste dagane.
Sivile får berre høve til å reise i retning Russland eller til andre russiskkontrollerte område i Ukraina.
Det statlege russiske nyheitsbyrået Ria Novosti melde onsdag at evakueringar alt er i gang og at innbyggjarar blir frakta over til den andre sida av elva Dnipro med ferjer.
Nyheitsbyrået skriv også at innbyggjarane har fått tekstmeldingar der dei blir bedne om å evakuere «før den ukrainske hæren begynner å bombe».
Regjeringa i Kyiv seier Russland no prøver å skremme sivilbefolkninga i Kherson til å evakuere.
Ukrainske soldatar undersøkjer ei grøft som russiske soldatar har grave i Kherson fylke, etter å ha gjenerobra området. Foto: Leo Correa / AP / NTB