Klargjør siden...
Annonse

Tenkjetank: Nord-Korea kan ha 21 atomvåpen

(NPK-NTB-AFP): Nord Korea kan ha produsert seks eller fleire kjernefysiske våpen dei siste 18 månadane, noko som gjer at arsenalet deira består av 21 eller fleire atomvåpen, opplyser eit amerikansk institutt.

Det amerikanske instituttet for forsking og internasjonal tryggleik (ISIS) har basert anslaget på mengda plutonium og uran som kan brukast til våpenproduksjon.

Rapporten kjem ei veke etter at sjefen i det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) Yukiya Amano sa at Nord-Korea sannsynlegvis har starta opp igjen eit anlegg ved Yongbyon som foredlar plutonium for bruk i kjernefysiske våpen. Amerikanske ekspertar har tidlegare rapportert at Nord-Korea har intensjonar om å oppgradere og restarte kjernefysiske anlegg ved å vinne ut plutonium frå kjernefysisk brensel.

I 2014 vart det berekna at Nord-Korea hadde 10 til 16 våpen i sitt atomvåpenarsenal. (©NPK)

Annonse