Annonse

Tennisspelaren Caroline Wozniacki legg opp

Caroline Wozniacki (29) legg opp etter Australian Open i januar. Det melde den danske tennisspelaren på sin eigen Instagram-konto fredag ettermiddag.

Det har den seinaste tida vore spekulert i ein karrierestopp for den tidlegare verdseinaren, spesielt etter at ho fekk konstatert kronisk leddgikt.

– Eg har spelt profesjonell tennis sidan eg var 15. Det har vore eit fantastisk kapittel i livet mitt, skriv ho.

Woziniacki har halde fast på at ho skulle halde fram med å konkurrere, men fredag ettermiddag kunngjorde ho sjølv på Instagram-kontoen sin at karrieren er over.

At 29-åringen legg opp etter Australian Open, er neppe tilfeldig. Det var der ho vann sin første og hittil einaste grand slam-tittel i 2018.

Dei fem siste åra har dansken hatt ei rekke gode resultat. Wozniacki tok seg til finale i US Open frå 2014, semifinale i same turnering i 2016, og dessutan kvartfinale i French Open i 2017 og karrierebeste med siger i Australian Open i 2018.

(©NPK)

Danske Caroline Wozniacki legg opp etter Australian Open i januar. Foto: (Niels Christian Vilmann/Ritzau NTB scanpix via AP)