Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein lærar som hadde undervist om ytringsfridom og vist fram Muhammed-karikaturar, er halshoggen i ein Paris-forstad. Politiet har opna terroretterforsking.
vaktsjef@ntb.no/margunn.sundfjord@npk.no
Publisert: 16.10.2020 kl 18:49
Sist oppdatert: 16.10.2020 kl 20:25
Fransk politi stadfesta fredag kveld meldingane i franske medium, blant dei Le Parisen, om at mannen hadde brukt dei omstridde karikaturane i undervisninga.
Ein mistenkt gjerningsmann vart skoten og drepen etter å ha opptredd truande, opplyser politiet.
Meldinga om drapet kjem samtidig som det går føre seg ei rettssak i kjølvatnet av terrorangrepet mot satiremagasinet Charlie Hebdo i Paris i 2015, der tolv personar vart drepne.
Årsaka til at Charlie Hebdo vart mål for angrepet, var at satiremagasinet fleire gonger hadde trykt teikningar av profeten Mohammed.
Angrepet fredag skjedde rundt klokka 17 ved ein skule i Conflans-Sainte-Honorine, ein forstad vest for den franske hovudstaden. Offeret var historielærar, og hadde nyleg vist fram Muhammed-karikaturar og diskutert dei i undervisninga, opplyser politikjelder.
Politiet opplyser at dei etterforskar hendinga som «eit drap knytt til ein terrororganisasjon». Dei rykte ut til staden etter å ha fått ein telefon om ein mistenkjeleg mann som oppheldt seg der. Dei oppdaga då offeret, og fann den mistenkte gjerningsmannen nokre hundre meter unna. Politiet opplyser at han hadde kniv og ein såkalla softgun. Enkelte tidlege meldingar gjekk ut på at han var skoten og alvorleg såra, men fredag kveld stadfestar etterforskarane at mannen er død.
I etterkant av hendinga rykte òg ei bombegruppe ut til staden, av frykt for at det kunne vere ein bombevest der. Publikum vart åtvara mot å nærme seg staden.
Innanriksminister Gérald Darmanin, som er på reise i Marokko, vender tilbake til Paris omgåande etter hendinga. Han har hatt samtalar med statsminister Jean Castex og president Emmanuel Macron, opplyser Darmanins kontor. Hendinga minner om eit angrep som skjedde i den franske hovudstaden i slutten av september. Då angreip ein 18 år gammal pakistanar to menn utanfor dei tidlegare lokala til Charlie Hebdo. Ei kjøttøks vart brukt i angrepet. Offera vart alvorleg skadde.
Frankrikes innanriksminister Gérald Darmanin sa like etter at angrepet «openbert var ei islamistisk terrorhandling». 18-åringen skal i avhøyr ha grunngitt handlinga med publiseringa til satiremagasinet av karikaturar av profeten Muhammed.