Terrormistenkt i Brussel hadde belte med salt og kjeks

Brussel (NTB-AFP-DPA): «Bombebeltet» til mannen som utløyste terroralarm i Brussel tysdag morgon, viste seg å innehalde salt og kjeks.

Politiets bombegruppe rykte ut og statsminister Charles Michel kalla inn til krisemøte etter at mannen vart arrestert ved eit kjøpesenter.

Han hadde sjølv ringt politiet, ifølgje belgisk påtalemakt. I samtalen hevda han å ha blitt bortført og utstyrt med eit «sjølvmordsbelte» fylt med eksplosiv som skulle utløysast med fjernkontroll.

– Etter ei innleiande undersøking vart det bekrefta at beltet inneheldt salt og kjeks, heiter det i ei fråsegn frå påtalemakta.

Den 26 år gamle mannen er kjent av politiet frå tidlegare episodar, nokre av dei knytt til psykiske problem. På eitt tidspunkt skal han ha hevda å ha blitt oppfordra til å slutte seg til ekstremistgruppa IS. Politiet jobbar med å finne ut om han reelt sett har samband til ytterleggåande islamistgrupper.

I mars vart 32 menneske drepne og fleire hundre såra i terrorangrep på T-banen og flyplassen i den belgiske hovudstaden. For nokre dagar sidan vart tre menn sikta for forsøk på terrordrap etter at det kom åtvaringar om ein mogleg trussel mot éin av kampane i fotball-EM. (©NPK)