Tesla forbigått på elbiltoppen – kinesiske BYD leverte fleire

Amerikanske Tesla leverte 484.507 elbilar i det siste kvartalet i fjor, litt meir enn venta. I same periode leverte kinesiske BYD 526.409 bilar.

Dermed vart det kinesiske selskapet den største elbilleverandøren i verda.

Ifølgje analytikarane var Tesla-produksjonen noko høgare enn venta. I ei samanstilling frå Bloomberg anslo dei i snitt at selskapet ville levere 483.173 bilar.

Produksjonen i fjerde kvartal steig til 494.989, opp frå prognosar på 482.336 bilar.

Tesla-aksjen, viss verdi meir enn dobla seg i fjor, steig rundt 1 prosent i førhandelen på Wall Street etter at salstala vart lagt fram, skriv Bloomberg.

BYD-aksjen har utvikla seg i motsett retning. Verdien minka med 24 prosent i 2023, noko Bloomberg koplar til tøff konkurranse, priskutt og bekymringar for at salsmålet til selskapet ikkje ville bli nådd.

(©NPK)

Ein mann ser på ein elbil frå kinesiske BYD. Selskapet leverte fleire elbilar i det fjerde kvartalet i fjor enn Tesla, og vart dermed den største elbilleverandøren i verda. Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Annonse