Klargjør siden...

Tesla vil kjøpe solcelleselskap

(NPK-NTB-AP): Elbilprodusenten Tesla legg 2,8 milliardar dollar på bordet i eit forsøk på å kjøpe opp solcelleprodusenten SolarCity.

Tesla vil med eit oppkjøp kunne tilby ei komplett løysing for dekke energibehovet til alle kundane med rein energi, skriv selskapet i ei pressemelding.

I tilbod som vart kunngjort tysdag, blir aksjane i SolarCity prisa til mellom 26,50 og 28,50 dollar, med atterhald om ein gjennomgang av rekneskapane til solcelleselskapet. Etter dagens dollarkurs svarar bodet til litt i overkant av 23 milliardar norske kroner. SolarCity-aksjen gjekk opp 3,60 dollar til 24,79 dollar etter at tilbodet vart kjent. Samtidig fall Tesla-aksjen 12 prosent.

Avtalen må godkjennast av aksjonærane først, ein prosess som kan bli komplisert ettersom Tesla-sjef Elon Musk også er styreformann og den største enkeltaksjonæren i SolarCity. I tillegg er toppsjefen i SolarCity, Lyndon Rive, fetteren til Musk.

Bodet på SolarCity kjem 14 månader etter at Tesla introduserte eit batterisystem som lagrar solenergi for bruk i heimen. (©NPK)

Annonse