Annonse

The Body Shop legg ned i Sverige

Butikkjeda The Body Shop har vedteke å leggje ned all verksemd i Sverige etter å ha stengt fleire butikkar den siste tida.

Det var på ei ekstraordinær generalforsamling 10. april at det vart avgjort å søkje om likvidasjon for The Body Shop Svenska AB, skriv Market.

Slik frivillig avvikling skjer vanlegvis når eigarane ikkje lenger ønskjer å drive verksemda, ifølgje Market. Ifølgje det svenske bolagsverket er likvidasjon vedteken og tredde i kraft fredag 19. april.

På det meste hadde The Body Shop rundt 60 butikkar i Sverige, men den siste tida har fleire av dei stengt.

I februar vart det britiske morselskapet The Body Shop International sett under restrukturering. Kort tid etter krevje The Body Shop seg konkurs i mellom anna Danmark og USA.

(©NPK)

Butikkjeda The Body Shop legg ned verksemda i Sverige. Her frå ein av butikkane i Oslo sentrum. Foto: Ludvig Heiberg Larsen / NTB