Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Over 6.500 gjestearbeidarar har mista livet i Qatar sidan landet for ti år sidan vart tildelt neste års fotball-VM, viser ein analyse utarbeidd av The Guardian.
fredrik.ljone.holst@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 23.02.2021 kl 11:30
Sist oppdatert: 23.02.2021 kl 12:24
Kvar einaste veke døyr det i gjennomsnitt tolv gjestearbeidarar frå India, Pakistan, Nepal, Bangladesh og Sri Lanka i Qatar, viser tal den britiske avisa har innhenta frå desse landa.
Det totale dødstalet er truleg langt høgare, sidan tala ikkje inkluderer eit betydeleg tal gjestearbeidarar frå land som Filippinane og Kenya, konstaterer The Guardian. Fjorårets siste månader er heller ikkje med i statistikken.
Qatar har hausta massiv internasjonal kritikk for det Amnesty International og andre har kalla slaveliknande forhold for arbeidarane som byggjer dei mange anlegga som skal stå klare til neste års fotball-VM.
I tillegg til sju nye fotballstadion, er det òg bygd ein heilt ny by, ein ny flyplass, nye hotell, nye veganlegg og nye anlegg for offentleg transport i forkant av VM. Arbeidet er det gjestearbeidarar, i hovudsak frå Asia og Afrika, som har stått for.
Sjølv om det av statistikken ikkje går fram kvar dei omkomne jobba, er det i hovudsak truleg snakk om gjestearbeidarar som har jobba ved dei store byggjeprosjekta, seier Nick McGeehan i FairSquare Projects, ein organisasjon som jobbar med rettane til arbeidarane i landa ved Persiabukta.
– Ein betydeleg del av migrantarbeidarane som har mista livet sidan 2011, var i landet eine og åleine fordi Qatar vart tilkjent fotball-VM, seier han til The Guardian.
Det er om lag 2 millionar gjestearbeidarar i Qatar, som nyleg innførte ei minstelønn på 1.000 riyal (om lag 2.500 norske kroner) i månaden.
Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) og arbeidstakarorganisasjonen ITUC har tidlegare komme med krass kritikk av forholda for gjestearbeidarane som byggjer VM-anlegg, og Amnesty International har gjentekne gonger stempla bu- og arbeidsforholda til arbeidarane som uhaldbare.
– Sjølv om Qatar har komme med løfte om reformer, er dette framleis ein leikeplass for skruppellause arbeidsgivarar, slo menneskerettsorganisasjonen fast i rapporten «All Work, No Pay» i september 2019.
Qatars regjering nektar ikkje for The Guardians tal over døde, men hevdar at talet er som forventa med tanke på kor mange gjestearbeidarar som er i landet.
– Dødsraten i desse gruppene er som forventa i forhold til storleiken og demografien i dei, heiter det i ei fråsegn frå talsmannen til regjeringa.
Ifølgje talsmannen har gjestearbeidarane tilgang på helsetilbod av førsteklasse, og talet på arbeidsulykker har dei siste åra falle som følgje av nye lover om arbeidsmiljø.
– Kvart tap av menneskeliv er ein tragedie, og vi gjer alt for å prøve å hindre dødsfall i landet vårt, heiter det vidare.
(©NPK)
Gjestearbeidarar frå Asia og Afrika har bygd mesteparten av anlegga som neste år skal huse fotball-VM i Qatar. Tusenvis av dei har måtta bøte med livet. Foto: Magnus Aabech / NTB