Annonse

The Telegraph: Conte ferdig i Tottenham om få dagar

Tottenham avsluttar samarbeidet med Antonio Conte og vil kunngjere avgjerda denne veka, skriv engelske The Telegraph.

Storavisa hevdar måndag kveld å ha kjelder på at Conte ikkje fullfører sesongen i jobben han har hatt sidan november 2021. Ei stadfesting på avgjerda vil etter seiande komme dei næraste dagane.

Ifølgje The Telegraph skal Ryan Mason få oppgåva med å leie Tottenham ut sesongen.

Conte etterfølgde Nuno Espírito Santo som Tottenham-manager.

Etter at Tottenham spelte 3–3 heime mot tabelljumbo Southampton laurdag, serverte manager Conte ei verbal kraftsalve av sjeldan merke mot både eigne spelarar og klubben.

– Eg ser mange sjølvopptekne spelarar, og spelarar som ikkje vil hjelpe kvarandre og spele med hjartet. Eg er skikkeleg opprørt, sa italienaren.

– Tottenhams historie er slik. I 20 år har eigaren vore her, og dei har ikkje vunne noko. Kvifor er det slik? Er skulda berre klubben si, eller er det alle managerane som har vore her? Så langt har eg prøvd å skjule situasjonen, men ikkje no, sa han.

Italienaren har så langt leidd klubben i 75 kampar.

London-klubben ligg akkurat no på fjerdeplass i Premier League. 20 poeng skil opp til Arsenal på tabelltoppen. Ned til Newcastle på plassen bak er det to poeng. Newcastle har i tillegg to kampar mindre spelt.

(©NPK)

Antonio Conte skal vere ferdig i Tottenham. Foto: Leila Coker / AP / NTB