Klargjør siden...

Theaux stoppa Svindals sigersrekke i utfor

(NPK-NTB): Aksel Lund Svindal hadde vunne alle dei tre verdscuprenna i utfor denne sesongen, men tysdag var franskmannen Adrien Theaux best. Nordmannen enda på ein sjuandeplass.

Utforløypa i Santa Catarina i Italia var utfordrande nok for fartsløparane. Underlaget var svært hardt og isete, noko som gjorde det enda vanskelegare for fleire av utøvarane i ein frå før vanskeleg bakke.

Lund Svindal hadde gjort det dårleg i treningsomgangane før rennet, og han fekk ikkje skikkeleg fart på skia i sjølve konkurransen heller. Trettiéinåringen hadde ingen sjansar til å ta tida til Theaux og enda på ein sjuandeplass, 1,61 bak.

Aleksander Aamodt Kilde med startnummer éin sleit mest av nordmennene i den harde utforløypa i Santa Catarina. Tidleg i løypa mista han den venstre skia, men redda seg meisterleg inn i stor fart og unngjekk å ramle.

Adrian Smiseth Sejersted med startnummer 51 køyrde òg ut.

Med startnummer tre takla Christoph Innerhofer forholda betre, men det vart dramatisk da italienaren hekta hovudet i ein port og drog med seg delar av porten hengande på ryggen vidare nedover i løypa. Trettiéinåringen tapte mykje tid og var tydeleg frustrert i målområdet. Utruleg nok heldt det til ein fjerdeplass. Startnummer 25, franskmannen David Poisson, skauv råtassen ned frå pallen.

Theaux, som hadde startnummer elleve, var den første og einaste som fekk full klaff i rennet tysdag. Franskmannen kom i mål over eitt sekund føre Innerhofer, og tida heldt heilt inn. Hannes Reichelt frå Austerrike var den som var nærmast å matche trettiéinåringen, men tok andreplassen over eitt sekund bak.

Fem av dei første 30 løparane kom aldri i mål i utforrennet. (©NPK)

Annonse