Annonse

Theresa May hudflettar EU etter mislykka toppmøte

Brexitsamtalane er fastlåste, åtvarar Storbritannias statsminister Theresa May. Ho skuldar EU for å stille umoglege krav i forhandlingane.

Den britiske statsministeren slår no knallhardt tilbake etter det mislykka EU-toppmøtet i Salzburg.

- I går sa Donald Tusk at våre forslag vil undergrave den indre marknaden. Han forklarte ikkje detaljert korleis og kom ikkje med noko motforslag. Så vi er fastlåste, seier May.

EUs president Donald Tusk avslutta toppmøtet med ei brutal nedsabling av brexitplanen til den britiske regjeringa. Ifølgje han vil sentrale delar av planen rett og slett ikkje fungere.

Britisk presse har i etterkant stempla toppmøtet som eit audmjukande bakhaldsangrep på May.

Sjølv seier statsministeren at ho ikkje har vist «noko anna enn respekt» for EU i forhandlingane.

- Storbritannia forventar det same. Eit godt forhold etter at denne prosessen er avslutta, er avhengig av det. På eit så seint stadium av forhandlingane er det ikkje akseptabelt rett og slett, å avvise forslag frå den andre parten utan detaljerte forklaringar og motforslag, seier ho.

Ho legg til at Storbritannia no vil fortsette å førebu seg på eit scenario der landet krasjar ut av EU utan å ha nokon avtale på plass.

- Eg har alltid sagt at ingen avtale vil vere betre enn ein dårleg avtale.

Mays utspel utløyste eit markant fall i verdien av pundet på valutamarknadane.

(©NPK)

Storbritannias statsminister Theresa May gjer det fredag klart at ho framleis meiner alvor med at ingen avtale vil vere betre enn ein dårleg avtale. Foto: AP / NTB scanpix