Theresa May: Vi står ikkje langt frå kvarandre

Det er ikkje stor avstand mellom EU og Storbritannia i forhandlingane om brexit, forsikrar den britiske statsministeren.

Statsminister Theresa May gav måndag ei oppdatering til dei folkevalde i Parlamentet om status i samtalane.

Semje er framleis mogleg å oppnå, hevda ho.

- Eg meiner Storbritannia og EU ikkje står langt frå kvarandre, sa May.

Ifølgje henne er det primært to spørsmål som står att. Begge er knytte til diskusjonane om korleis EU og Storbritannia skal finna ei reserveløysing som sikrar at det ikkje blir nødvendig med nye kontrollar og hindringar langs grensa mellom Irland og Nord-Irland.

Ifølgje May har EU-sidan gått med på å utforska ei reserveløysing som omfattar heile Storbritannia, slik at det ikkje oppstår nokre skilje mellom Nord-Irland og resten av landet.

Men EU meiner det ikkje er nok tid til å få alle detaljane på plass før skilsmissa.

- EU krev difor ei reserveløysing for reserveløysinga, i praksis ein forsikringspolise for forsikringspolisen, seier May, som gjer det klart at ho ikkje kan gå med på dette.

I tillegg krev Storbritannia at reserveløysinga må vera tidsavgrensa. Dette blir framleis diskutert med EU-sida.

(©NPK)

Storbritannias statsminister Theresa May seier det spesielt er to usemjer som står att mellom EU og Storbritannia i forhandlingane om skilsmissa. Foto: AP / NTB scanpix