Annonse

Thingnes Bø fekk fair play-pris: - Stort

Skiskyttarstjerna Johannes Thingnes Bø er stolt over å ha vorte tildelt spesialprisen til Den europeiske fair play-rørsla for 2019.

Stryningen er tildelt prisen for ærlegdomen sin i etterkant av jaktstarten under verdscupen i Soldier Hollow i februar.

Der skaut Thingnes Bø berre fire av fem skot på siste ståande skyting, og han vart nummer fire i rennet etter å ha gått sisterunden med eit skot i magasinet. I etterkant sa han sjølv ifrå til Det internasjonale skiforbundet om episoden, og han sa òg frå seg både verdscuppoenga og premiepengane frå rennet.

- Eg fekk beskjed om at juryeringa var avslutta og at resultata var offisielle, men eg måtte berre ta ansvar for det eg hadde gjort. Eg ville gå føre som eit godt døme og trekke meg sjølv frå lista, sa Thingnes Bø til NTB den gongen.

Tysdag fekk han utmerkinga som vinnar av fair play-prisen under ei tilstelling i Antholz i Nord-Italia. På Facebook-sida si skriv Thingnes Bø at prisen betyr mykje for han.

- Å vinne pokalar for resultat er éin ting, men å vinne ein pris fordi eg har gått føre som eit godt døme for fair play, er for meg endå større, skriv skiskyttaresset.

(©NPK)

Johannes Thingnes Bø håvar inn pokalar både for sportslege resultat og for rettferdig framferd.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix