Klargjør siden...
Annonse

Thingnes Bø håpar broren blir VM-konge

Johannes Thingnes Bø kallar broren Tarjei «limet» i det norske laget. Det er ingen han meir unner suksess – ikkje eingong seg sjølv.

Torsdag tok Tarjei Bø det tiande VM-gullet sitt i rekkja. For andre gong fekk han oppleve å stå saman med broren heilt øvst på sigerspallen i meisterskapssamanheng. Det var ein augneblink som kanskje mest rørte yngstemann. Ikkje minst fordi storebroren har hatt enormt mykje å seie for Johannes Thingnes Bøs eventyrlege suksess dei siste sesongane.

– Alle veit jo kva Tarjei har oppnådd. Og éin ting er å oppnå resultat. Men for ein lagbyggjar vi har i Tarjei. Og for meg som bror har det å ha han med, vore omtrent den viktigaste brikka for at eg har kunna lykkast, seier Thingnes Bø til NTB.

– Eg trur alle på laget kan støtte meg i at Tarjei er limet i gruppa, held fram han.

Sjå opp for Bø

Så langt står dei altså med kvar sin gullmedalje etter opningsdistansen i VM. Føre sprinten på laurdag må Johannes finne seg i å vere den største gullfavoritten i heile feltet. Samtidig minner han om at han kan få tøff konkurranse frå ein familiemedlem.

– Han har eit potensial til å vere den beste skiskyttaren i verda. Det såg vi før jul då eg og han var nummer éin og to i verdscupen. Så det er berre å sjå opp for den mannen.

– Han har eit potensial som ikkje har slått ut i full blom. Og som veslebror ønskjer eg jo at det skal skje like rundt hjørnet. Viss han blir VM-konge no, så hadde det vore sjukt bra.

– Du unner han det meir enn deg sjølv?

– Sjølvsagt. Eg vart VM-konge i fjor, så då kan Tarjei få bli ei legende i år. Han trur nok eg lyg, men eg meiner det.

Skarp

Faktum er at Tarjei Bø ser ut til å ha henta fram ei solid medaljeform til VM i år, slik han ofte gjorde til meisterskapane i første halvdel av 2010-talet. Veteranen i det norske skiskyttarlandslaget var òg svært tilfreds med å opne meisterskapen med best mogleg resultat på blanda stafett.

– Eg følte meg ekstremt skarp og bra på ski. Eg trur eg er ordentleg akklimatisert etter ein månad i høgda. Eg har aldri følte meg så lett i kroppen i ein konkurranse i høgda nokon gong. Så eg er klar, seier Tarjei Bø til NTB og held fram:

– Éin ting er å kome hit i form. Det var eg trygg på at eg skulle få til. Men så er det det med den sjølvtilliten, då, som også er veldig viktig. Og den fekk vi på plass nå med ein kjempestart og gull. Eg føler at puslespelet ligg klart, og at eg er klar til å leggje den siste brikka på sprinten.

Familierekord

Sprinten er den første individuelle øvinga i VM, og herrane skal i aksjon laurdag ettermiddag. På strålande vinterføre i Anterselva ventar Bø det han kallar ein «skytekonkurranse» – slik det òg vart på opningsøvinga.

– Det blir den same nøkkelen til suksess og dei same krava på sprinten. Det er fine forhold med raskt føre, og det skil mindre i løypa enn ein skulle tru, seier han.

Førebels er storebror best med sine ti VM-gull, to fleire enn fjorårets VM-konge Thingnes Bø. Sjølv om han trur det berre er eit tidsspørsmål før veslebroren tar han att, syg han på karamellen så lenge han kan.

– Tosifra tal gull, det lèt seg høyre. Ein bra milepæl. Han går nok forbi meg på eit tidspunkt, men førebels er det viktig å ha eit par familierekordar, smiler stryningen.

(©NPK)

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø opna skiskyttar-VM med gull på blanda stafett saman med Tiril Eckhoff og Marte Olsbu Røiseland.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Johannes Thingnes Bø (t.v.) unner broren Tarjei Bø all mogleg suksess.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Brørne Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø (t.h.) feirar VM-gullet på blanda stafett i Anterselva.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix