Annonse

Thingnes Bø leidde an norsk trippel

(NPK-NTB): Johannes Thingnes Bø vann verdscupsprinten over ti kilometer i skiskyting fredag. Han gjekk eit knalløp og vann framfor bror Tarjei og Emil Hegle Svendsen.

Veslebror Johannes heldt litt høgare fart i sporet enn storebroren, og med feilfri liggjande skyting var han klart i tet det meste av løpet. Det einaste som var svakt var den siste kilometeren der det gjekk på stumpane.

– Det er kjempeherleg, og dette smakte godt. Det blei eit spennande løp. Eg var revansjsugen og fekk eit bra startnummer med å gå tidleg. Eg måtte gå hardt ut for å psyke ut Tarjei. Hadde vi byta startnummer, trur eg at det hadde vore omvendt.

– Det blei tøft mot slutten, men eg sjangla meg inn til mål, sa Bø til NRK.

Tarjei Bø skaut feilfritt på begge skytingane og heldt god fart ute i sporet, men var 6,9 sekund bak broren ut frå siste ståande skyting.

Avstanden hadde auka ytterlegare midtvegs på den siste runden, men på den siste dryge kilometeren tapte veslebror Bø nesten seks sekund, og avstanden krympa til tre sekund i mål.

– Veldig kult at han vinn i dag, sa Tarjei Bø om sigeren til broren.

Også Emil Hegle Svendsen hadde ein god dag på jobben. Han skaut feilfritt, men brukte litt lengre tid på standplass enn brørne Bø. Han var til slutt 7,6 sekund bak i mål.

Bø har ikkje vunne eit renn sidan han vann sprinten i VM i fjor.

Verdscupleiar Martin Fourcade hadde ein bom på liggjande skyting. Trass i ei solid sisterunde hamna han bak alle nordmennene i mål, slått med 10,9 sekund av vinnaren.

Laurdag er det jaktstart i Ruhpolding, som overtok helgas renn frå Oberhof. Bø vann også sprinten førre sesong i Ruhpolding.

Erlend Bjøntegaard gjekk inn til 17.-plass med feilfri skyting. Han var over 1.01 minutt bak vinnaren i mål. Lars Helge Birkeland hadde ein bom på liggjande og blei nummer 26, 1.22 bak Thingnes Bø.

Alexander Os hadde ein bom på kvar av skytingane og blei nummer 45, nesten 1.46 bak teten. (©NPK)

Annonse