Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Johannes Thingnes Bø klatra til siger i jaktstarten i verdscupen i austerrikske Hochfilzen laurdag. Det skjedde etter ein noko trøblete sesongstart.
Publisert: 09.12.2023 kl 13:00
Thingnes Bø starta 47 sekund bak storebror Tarjei Bø i rennet laurdag, men med berre éin bom på fire skytingar sikra han sigeren.
Thingnes Bø vann 19 av 23 individuelle renn sist sesong. Han måtte vente til det femte for å ta den første triumfen i denne sesongen.
– Det er «payback time» i Hochfilzen, sa TV 2-kommentator Marius Skjelbæk.
Johannes Dale-Skjevdal tok andreplassen i kamp med Tarjei Bø. Dei to var 22 og 28 sekund bak. Den norske dominansen stoppa ikkje der. Sturla Holm Lægreid vart nummer fire, 39 sekund bak vinnaren.
Etter tre skytingar hadde Thingnes Bø teke leiinga framfor lagkamerat Lægreid, og då han unngjekk strafferunde på siste skyting, kunne han juble for den første sigeren i sesongen.
Det var også dei 75. individuelle verdscupseiane hans.
(©NPK)
Johannes Thingnes Bø vann jaktstarten i Hochfilzen. Foto: Matthias Schrader / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.