Klargjør siden...
Annonse

Thomsen og Guttormsen til finalar i U23-EM

Marcus Thomsen er finaleklar i kule og Sondre Guttormsen i stav etter første dag av U23-EM i friidrett i Gävle i Sverige.

Thomsen sikra finaleplassen med 19,94 i sitt andre kvalifiseringsstøyt. Det automatiske finalekravet var 18,80. Berre polske Konrad Bukowiecki (20,44) støytte lenger i kvalifiseringa. Thomsen har medaljeambisjonar i finalen fredag kveld.

- Alle oppvarmingskasta mine var utanfor sektor, og det same skjedde i første støyt. Eg justerte meg litt i ringen, og då gjekk det greitt, sa han ifølgje Twitter-kontoen til friidrettsforbundet.

Sondre Guttormsen gjekk over 5,20 i andre forsøk i kvalifiseringa i stav, og det viste seg å halde til ein plass i finalen på laurdag.

- Eg er ikkje så glad i kvalifiseringar. Alle forventar at du skal ta deg til ein finale, men det skal bli gjort. No gleder eg med stort til finalen, sa han.

Gjekk vidare

Fredrik Øvereng tok seg til semifinale på 400 meter med 47,48, som var åttande beste tid. Semifinalen blir avvikla fredag.

Helene Rønningen imponerte då ho tok seg til semifinale på 100 meter med 11,87, som var femte beste tid i kvalifiseringa. I semifinalen sprang ho på 11,93 og var sjanselaus på finaleplass.

- Med den forsesongen eg har hatt var det ein siger for meg å komme så langt, sa ho etter å ha fått 15.-plass og nest dårlegaste tid i semifinalen.

Ewa Swoboda frå Polen var best både i kvalifisering (11,48) og semifinale (11,41). Ingvild Meinseth sprang på 12,11 i kvalifiseringa og vart slått ut med 20. beste tid.

Slått ut

På 100 meter menn vart Mathias Hove Johansen slått ut med 10,90 og 18. beste tid. Siste semifinaleplass på tid gjekk på 10,83.

Magdeli Støten var òg sju hundredelar frå avansement på 1900 meter hekk. Ho sprang på 14,38 og enda på 26.-plass.

På 1500 meter vart Mats Hauge nummer åtte i heatet og nummer 19 totalt med 3.49,52. Han var nesten to sekund frå finaleplass.

- Eg hadde bestemt meg for å ligge ved lista, men det gjekk litt for roleg på 2.-runden, og eit fall skapte litt meir kluss, sa han.

(©NPK)

Marcus Thomsen kvalifiserte seg til finale i kule då U23-EM i friidrett vart innleia torsdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Helene Rønningen imponerte i kvalifiseringa på 100 meter i U23-EM friidrett torsdag, men var sjanselaus i semifinalen. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix