Thon tener millionar på Pantelotteriet

Eigedomsinvestor Olav Thons selskap, Thon Holdning, har på tre år tent 10 millionar kroner på Pantelotteriet.

Ikkje alt går til Noregs Røde Kors når du trykker på dei i Pantelotteriet.

Ifølgje rekneskapane til Norsk Pantelotteri gjekk 2,5 prosent av inntektene frå lotteriet til Thon-systemet, skriv Finansavisen.

I 2018 satsa daglegvarekundar 144 millionar kroner i Pantelotteriet. 50 millionar vart utbetalte i premiar, 50 millionar gjekk til Røde Kors og resten gjekk til Norsk Pantelotteri, som Thon Holding eig 60 prosent av. Resten er eigd av Røde Kors, skriv avisa.

Eigarane betalte ut 6 millionar i utbytte i fjor, der 3,6 millionar gjekk til Thon Holdning. Ifølgje Finansavisen har sistnemnde selskap fått 10 millionar kroner i utbytte frå Pantelotteriet på tre år.

(©NPK)

I 2018 satsa daglegvarekundar 144 millionar kroner i Pantelotteriet. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Av 2 kroner i pant gjekk fem øre til Thon Holding i fjor. Her er eigedomsinvestor Olav Thon under eit arrangement på Grand Hotel i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix