Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Olav Thon fyller 100 år i dag, torsdag 29. juni. I samband med bursdagen opplyser Thon at han berre har eitt bursdagsønske, nemleg at han kunne bevega seg meir.
Publisert: 29.06.2023 kl 10:34
– Eg synest det er nesten utruleg å bli 100 år, seier Olav Thon i eit intervju med Nettavisen.
Hotell- og kjøpesenterkongen blir 100 år gammal torsdag og feirar dagen på Hotel Bristol.
Thon står mellom anna bak hotellkjeda Thon Hotels, som vart grunnlagd då han var 66 år, medan Sandvika Storsenter, som er Noregs største kjøpesenter, opna då Thon var 70. Han gjekk først av som toppsjef i Olav Thon-gruppa i fjor, 98 år gammal, etter 80 år som dagleg leiar.
Ei jernhelse til trass, så synest Thon at dei siste åra har vore krevjande. Thon har nemleg artrose, altså slitasjegikt i knea. Det har gjort at den gamle friluftsmannen slit med å gå.
– Eg synest nok at åra som kjem frå 90–95 og sånn, er tyngre enn eg hadde venta. Eg bevegar meg for lite, og eg kjem ikkje rundt. Eg vil gjerne delta meir, men synest ikkje eg får det til på same måte som før, seier han.
Når det gjeld bursdagsønske, opplyser jubilanten at han ikkje har noka ønskjeliste. Han har likevel eitt stort ønske, som går nettopp på sjukdommen hans.
– Men eg skulle så inderleg over alt på jorda ønskje meg at eg kunne bevege meg litt meir. Eg er såpass frisk innvendig, så håpar eg det er mogleg å bli litt betre, seier Thon.
(©NPK)
Olav Thon står blant anna bak hotellkjeda Thon Hotels og Sandvika Storsenter. Torsdag fyller han 100 år. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.