Thorstvedt-dobbel held liv i EM-draumen for U21-landslaget

To mål av Kristian Thorstvedt (20) snudde 0-1 til 2-1 for det norske U21-landslaget mot Kypros fredag. Då er det framleis håp om EM-sluttspel.

- Det var ein sterk lagprestasjon å snu kampen under tøffe forhold. Dette gir oss ein stort løft inn mot Portugal-kampen, skriv Thorstvedt i ei melding til NTB etter dei to måla som snudde kampen mot Kypros.

Noreg hadde ballen klart mest i Larnaka og pressa i nesten to heile omgangar etter at Kypros hadde teke leiinga ved Andreas Neophytou etter 20 minutt.

Då hadde Noregs kaptein og Odd-spelar Birk Risa bomma på straffe etter knapt ti minutt tidlegare i EM-kvalifiseringa for U21-gutane.

Noreg sleit tungt i den første omgangen og fekk til lite.

- Det var ein sjukt tøff førsteomgang. Dei låg lågt, og det var lite rom å spele på. Så skåra dei sjølvsagt på ein dødball, som var første og einaste gongen dei var inne i 16-meteren vår, ifølgje Thorstvedt.

- Men vi heldt motet oppe og gjorde eit par taktiske endringar i pausen for å prøve å endre kampbildet litt.

To kjappe av «Kissa»

Først etter 72 minutts spel lykkast det for Noreg då Thorstvedt med venstrefoten plasserte ballen vakkert i mål bak den kypriotiske keeperen.

- Vi heldt fram med å stange litt i starten av den andre omgangen før vi fekk den første skåringa. Han gav oss ekstra momentum og trua på at dette kunne gå, fortel 20-åringen.

Den same mannen sørgde for leiing og 2-1-siger med ein klassisk markkrypar frå 16 meter etter ein retur i det kypriotiske feltet då det var fem minutt igjen å spele.

- Då 2-1-skåringa kom, gav det oss sjølvtillit. Då hadde dei ikkje noko å komme med, seier tomålsskåraren.

Nummer to i gruppa med sju poeng

Noreg tok dermed steget opp til andreplassen i gruppe 7 og har no sju poeng. Nederland har ikkje gitt frå seg poeng så langt i kvalifiseringa og går mot ein suveren gruppesiger, medan Noreg kjempar om andreplassen, først og fremst med Portugal og Kviterussland. Portugal ligg eitt poeng bak Noreg, men har éin kamp mindre spelt.

U21-laget har fått ekstra merksemd den siste tida etter at dei tre utanlandsproffane Tobias Heintz, Dennis Tørseth Johnsen, Rafik Zekhnini gav beskjed om at dei ikkje vil spele for landslaget så lenge Leif Gunnar Smerud er trenar.

Smerud har på si side og med støtte frå A-landslagssjef Lars Lagerbäck sagt at det er uaktuelt.

- Eg ønskte ikkje å ha dei med, og så valde dei i ettertid å gjere seg uaktuelle. Det er synd, men dei har ikkje klart å leve opp til det vi ventar av dei, og då blir det sånn, sa U21-trenaren då laguttaket vart offentleggjort tysdag.

(©NPK)

Viking-spelaren Kristian Thorstvedt skåra to mål og sørgde for 2-1-siger mot Kypros i EM-kvalifiseringa for U21-landslag fredag. Her frå cupkampen mellom Viking og Ranheim. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix