Annonse

Ti døde då militærhelikopter kolliderte i Malaysia

Alle dei ti om bord mista livet då to militærhelikopter kolliderte i lufta i Malaysia, opplyser redningsarbeidarar, opplyser marinen i landet.

Dei to helikoptera heldt på å øve i forkant av ein parade då dei kolliderte i lufta ved 9.30-tida tysdag morgon. Ulykka skjedde ved marinebasen Lumut i delstaten Perak vest i Malaysia.

– Alle offera vart stadfesta døde på staden og sende til militærsjukehuset i Lumut for identifisering, seier marinen i ei fråsegn.

(©NPK)