Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Alexander Vestrum): Regjeringa har verna ti nye korallrev i Noreg, frå Rauerfjorden i Østfold til Sørøya i Finnmark. Greenpeace er glad, men meiner Noreg må få opp tempoet og verne endå fleire.
npk@npk.no
Publisert: 08.01.2016 kl 16:53
Dei ti områda med kaldtvasskorallar blei fredag verna gjennom ei ny forskrift. Frå før er ni rev verna.
– Korallrev er viktige for yngel og småfisk. Vi må sørgje for at vi har fisk også i framtida, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).
I tillegg er desse områda også beskytta mot bruk av garn, line og teiner: Korallen (nordaust for Sørøya), Hola, Midtsundrevet i Sandsfjorden, Fjellknausene, Tisler, Rauerfjorden og Søndre Søster.
– Fiskarane viser ansvar ved å stille seg bak fredinga sjølv om det får praktiske konsekvensar for dei, seier fiskeriministeren.
– Det er gledeleg at nyslått fiskeriminister Per Sandberg startar ministergjerninga si ved endeleg å verne ti korallrev som Greenpeace har kravd verna heilt sidan 2007. Nå står att det ein stor jobb med å verne endå meir hav slik at Noreg kan nå FN-forpliktingane sine om 10 prosent vern innan 2020, seier Truls Gulowsen, leiar for Greenpeace i Noreg.
Ifølge Greenpeace har Noreg så langt verna mindre enn 1 prosent av havområda. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.