Annonse

Ti omkom då tribune kollapsa i Etiopia

Ti menneske mista livet og over 100 vart skadde då ein tribune rasa saman under ei kristen-ortodoks feiring i den etiopiske byen Gondar, opplyser legar.

Ulykka skjedde under epifani-feiringa til den etiopiske ortodokse kyrkja, ein høgtid som òg er kjent som timkat.

– Eg kan seie at vi hittil har ti døde. Talet skadde er 100 eller 150, seier ein lege ved universitetssjukehuset i Gondar. Ein annan lege stadfestar tala.

Hendinga fann stad ved Fasilidas-badet, der tusenvis av truande lèt seg døype i bassenget til minne om Kristus under det som er ein av dei viktigaste feiringane i Etiopia.

Hundrevis sat på ein tribune av tre då han plutseleg kollapsa midt under seremonien måndag morgon.

(©NPK)

Kristne frå den ortodokse kyrkja i Etiopia feirar timkat til minne om Jesu' dåp i hovudstaden Addis Abeba måndag. Den tragiske ulykka skjedde under feiringa av høgtida i byen Gondar. Foto: AP / NTB scanpix