Klargjør siden...

Tibber tapte ein halv milliard i fjor – seier opp inntil 50 tilsette

Straumselskapet Tibber har vakse fort dei siste åra. I fjor auka dei konserninntektene sine med 180 prosent, men fekk framleis eit underskot på 509 millionar.

Etter eit hopp i straumprisane i vinter innførte selskapet førehandsfakturering for å unngå ei likviditetskrise. Dette førte til skyhøge rekningar og kundeflukt. Tibber tapte også omdømme i marknaden. I fjor fekk selskapet eit underskot på 509 millionar kroner og no seier dei opp inntil 50 av sine 350 tilsette.

– Fjoråret var prega av to strake motsetningar. Problem i Noreg, supervekst i Sverige og gjennombrot i Tyskland og Nederland, seier Tibber-gründer Edgeir Aksnes til Dagens Næringsliv.

Selskapet har så langt hatt samla underskot på 800 millionar kroner i løpet av sju år, men Aksnes har framleis tru på at dei kjem til å tene pengar andre halvdel i år. Selskapet har ein eigenkapital på 769 millionar ved utgangen av fjoråret, som er meir enn ei dobling samanlikna med året før.

– Den underliggjande drifta i selskapet er sunn. Reint operasjonelt vil vi som konsern bli lønnsame i andre halvår i år.

(©NPK)

Annonse