Klargjør siden...

Tibber tek opp att salet av Easee-ladarar

Etter å ha stansa salet av Easee-ladarar sidan april, tek dei opp att tysdag salet av dei nye produkta til ladeselskapet.

Tidlegare i år innførte Tibber ein mellombels salsstopp etter at svenske styresmakter la ned salsforbod mot Easee Home og Easee Charge.

Årsaka var at svenske tilsynsmakter opplyste i februar at dei meinte produktet ikkje oppfyller grunnleggjande tryggingskrav for ladestasjonar.

– Easee har gjennomført nødvendige tiltak for å forbetre dokumentasjonen. Charge Lite er svært godt testa av uavhengige akkrediterte testhus som går gode for at dei høgaste tryggingsstandardane er følgde. Vi gjer produktet klart for sal i alle marknadene våre, seier Tibber-direktør Edgeir Aksnes i ei pressemelding.

(©NPK)

Edgeir Vårdal Aksnes. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Annonse