Klargjør siden...

Tidal tapte nærmare ein kvart milliard

(NPK-NTB): Den norskutvikla strøymetenesta Tidal, som no er eigd av rapparen Jay-Z, gjekk med dundrande underskot i fjor.

Tidal er vidareføringa av norske WiMP, som i 2015 blei selt til Jay-Z.

I 2015 gjekk konsernet, der Tidal utgjer nesten all verksemda, med 239,5 millionar svenske kroner i underskot etter skatt, ifølgje rekneskapane til morselskapet Aspiro ab, skriv Dagens Næringsliv.

Det høyrer med til historia at advokatane til Jay Z har varsla eit søksmål mot Schibsted, Platekompaniet og dei andre seljarane av strøymetenesta. Dei meiner at seljarane har selt eit selskap med langt færre abonnentar og i dårlegare finansiell stand enn førespegla. (©NPK)

Annonse