Tidlegare Baneheia-etterforskingsleiar vil ha ny tiltale mot Kristiansen

Tidlegare Baneheia-etterforskingsleiar Arne Pedersen har levert eit 35 sider langt brev til Statsadvokaten i Oslo med håp om ny tiltale mot Viggo Kristiansen.

Til NRK seier den tidlegare etterforskingsleiaren at han er bekymra for at den nye etterforskinga vil ende med frifinning, og at han er sikker på at dommen mot Kristiansen er rett.

– Det har eg aldri vore i tvil om, og eg er ikkje noko mindre sikker i dag enn eg var for 22 år sidan, seier Pedersen til rikskringkastaren.

Stine Sofie Sørstrønen (8) og Lena Sløgedal Paulsen (10) vart valdtekne og drepne i Baneheia i Kristiansand 19. mai 2000. To dagar seinare vart dei funne. Viggo Kristiansen og Jan Helge Andersen vart arresterte i september same år, tiltalte og seinare dømde til høvesvis 21 års forvaring (10 års minstetid) og 19 års fengsel for valdtekt og drap på dei to jentene.

Saka mot Kristiansen vart opna opp den 18. februar 2021. Han har heile vegen sagt seg uskuldig, og sidan dommen har fleire svakheiter vorte treket fram ved bevisa som felte han.

Oslo statsadvokatembete opplyser til NRK dei er godt kjende med Pedersens oppfatning av Kristiansens skuld. Dei legg til at hans forklaring og bevisvurdering har vorte gjennomgått for å sjå om ho er eigna til å klargjere saka ytterlegare.

– Men for å ta ut tiltale må påtalemakta vere trygg på at dei i retten kan bevise skuld ut over alle rimeleg tvil. Og då er det bevissituasjonen no, per 2022, som er avgjerande, skriv statsadvokatane Andreas Schei og Johan Øverberg til NRK.

Kristiansens advokat, Arvid Sjødin, påpeikar det same.

– Sjølv om Arne Pedersen ikkje trur på Viggo Kristiansen, så beviser ikkje det at Kristiansen er drapsmann. Til det må ein ha bevis. Tru og kjensler høyrer ikkje til i ein rettsprosess og etterforsking.

Borgarting lagmannsrett skal behandle Kristiansens gjenopna sak.

(©NPK)

Annonse