Annonse

Tidlegare handballprofil dømt for grovt underslag

Ein tidlegare handballprofil med landskampar er dømde til 90 dagars fengsel for grovt underslag.

Underslaget på 400.000 kroner skjedde då mannen i 50-åra jobba i eit idrettslag.

Mannen la alle korta på bordet, og han har allereie betalt tilbake beløpet. Han jobbar ikkje lenger i idrettslaget.

Mannen ønskte å bli dømt til samfunnsstraff, men Follo tingrett konkluderte med 90 dagars fengsel.

Retten meinte at straffa i utgangspunktet burde vere fengsel i fem månader, men gav 20 prosent straffefrådrag for tilståinga og ytterlegare 20 prosent for liggjetid.

(©NPK)

Dommen fall i Follo tingrett fredag. Foto: Berit Roald / NTB