Annonse

Tidlegare KrF-statsråd og fylkesmann Kåre Gjønnes er død

Tidlegare KrF-representant, landbruksminister og fylkesmann Kåre Gjønnes er død, 79 år gammal. Han sette djupe spor, seier partileiar Kjell Ingolf Ropstad.

Ifølgje NRK døydde Gjønnes måndag etter kort tids sjukdom.

Ropstad: Sette djupe spor

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad skriv på Facebook at han fekk beskjeden om Gjønnes' bortgang med stor sorg og sender sine tankar til dei næraste.

– Kåre omtalte seg sjølv som ein «enkel mann fra landet», men hans liv og virke var langt frå enkelt. Kåre sat djupe spor etter seg gjennom alt han utretta. Vi i KrF er heldige som fekk nyte godt av Kåres engasjement og kompetanse for landet vårt i mange ulike roller, både som lokalpolitikar, stortingsrepresentant og landbruksminister, skriv partileiaren.

– Kåre var familiemannen, bonden og politikaren som sette mennesket i sentrum og kvar dag jobba utrøytteleg for det han trudde på, seier Ropstad.

Åtte år på Stortinget

Kåre Gjønnes vart fødd i dåverande Orkdal kommune i Sør-Trøndelag 30. januar 1942. Han vart vald inn på Stortinget for heimfylket i 1985 og attvalt for ein ny periode i 1989.

I 1993 vart han fylkesmann i Sør-Trøndelag, eit embete han hadde fram til 2011 – med permisjon for å vere landbruksminister mellom 1997 og 2000 i Kjell Magne Bondeviks første regjering.

– Det var trist å høyre at Kåre Gjønnes hadde gått bort, seier statsforvaltar Frank Jenssen i Trøndelag til Adresseavisen.

– Han vart den lengst sitjande fylkesmannen i Sør-Trøndelag etter krigen og sette det tydelege preget sitt på samfunnsutviklinga både lokalt, regionalt nasjonalt gjennom det breie samfunnsmessige engasjementet sitt, seier Jenssen.

Leidde utval om statskyrkja

Den tidlegare statsråden og stortingsrepresentanten leidde Stat-kyrkje-utvalet – òg kalla Gjønnes-utvalet – som vart utnemnt i 2003. Målet var å gi Stortinget eit grunnlag for å avgjere om statskyrkjeordninga skulle vidareførast, blir reformert eller blir avvikla.

Snautt tre år seinare leverte utvalet si utgreiing, og eit fleirtal tilrådde at statskyrkjeordninga skulle opphevast.

I 2009 vart Kåre Gjønnes utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden for sitt samfunnsgagnlege virke.

(©NPK)

Kåre Gjønnes under KrFs landsmøte i Trondheim i 2013. Foto: Ned Alley / NTB / NPK