Klargjør siden...
Annonse

Tidlegare NRK-journalist Erik Jacobsen er død

Den tidlegare NRK-journalisten Erik Jacobsen er død, 55 år gammal. Han jobba i kulturredaksjonen i 27 år fram til han slutta i 2021.

Det er NRK som stadfestar dødsfallet.

– Erik Jacobsen var ein strålande kulturjournalist som i ein lang karriere i NRK formidla mellom anna musikk og biletkunst med vidd og stort engasjement til radiopublikummet, seier kulturredaktør Ingerid Nordstrand.

Jacobsen jobba i ei rekkje kulturprogram i NRK, først og fremst på radio. Det siste året jobba han mellom anna med podkastar til Kunstavisen, skriv Medier24.

(©NPK)

Annonse