Tidlegare oljeminister åtvarar mot økonomisk oljerisiko

Noreg må ta inn over seg den økonomiske risikoen ved å investere i olje- og gassverksemd, åtvarar tidlegare olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp).

Noreg må ta inn over seg den økonomiske risikoen ved å investere i olje- og gassverksemd, åtvarar tidlegare olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp).

- Olje- og gassindustrien har avgrensa levetid. Det ville vere for dumt å byggje ut produksjon som ikkje gir lønnsemd på sikt, for å seie det forsiktig, sa Senterparti-veteranen i innlegget i den politiske debatten på landsmøtet på Hamar fredag.

Økonomisk risiko knytt til petroleumsverksemd må bli ein viktigare del av den norske energidebatten, meiner han, og peikte på at det ikkje er på grunn av mangel på olje at oljealderen tar slutt.

- Han kjem til å ta slutt fordi fornybar energi blir stadig billegare. Prisen på solenergi var i 2018 under halvparten av det han var i 2013. Prisen på vindenergi er nede i 25 øre per kilowattime, og han fell, sa Riis-Johansen.

(©NPK)