Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Den tidlegare Vimpelcom-sjefen Jo Lunder er sikta for korrupsjon knytt til mobilselskapet og vil bli avhøyrt hos Økokrim torsdag.
npk@npk.no
Publisert: 05.11.2015 kl 13:14
Førstestatsadvokat Marianne Djupesland i Økokrim bekreftar overfor NTB at Lunder vart gripen på Oslo lufthamn onsdag kveld.
– Ettersom advokat Cato Schiøtz har bekrefta offentleg at Lunder vart gripen i går, kan eg bekrefte at Lunder er sikta for korrupsjon knytt til VimpelCom og vil bli avhøyrt hos oss i dag. Av omsyn til den vidare etterforskinga kan vi ikkje kome med fleire detaljar, seier ho.
Etter det NTB erfarer, konfererte Lunder med advokaten sin før avhøyret. Gripinga og siktinga inneber at etterforskinga av saka no har gått inn i ein meir intensiv fase.
Djupesland seier at gripinga er eit ledd i Økokrims eiga etterforsking av Vimpelcom-saka, men at det er naturleg at dei utvekslar informasjon med dei andre landa som også etterforskar forhold rundt mobilselskapet. (©NPK)