Klargjør siden...

Tiger Woods gjer comeback i US Masters

Golfikonet Tiger Woods stadfestar at han har planar om comeback etter skade i den prestisjetunge turneringa US Masters torsdag.

Woods har vunne turneringa fem gonger, og det var òg den siste konkurransen han spelte før han fekk omfattande skadar i ei alvorleg bilulykke i februar 2021.

Det har den siste tida vore knytt stor spenning til Woods' deltaking i Masters. Førre veke reiste han reiste til Augusta, og der har han trent og førebudd seg som normalt. Hans siste siger i turneringa kom i 2019.

Woods uttalte i helga at ei avgjerd ville komme så tett på konkurransestart som mogleg, og 46-åringen har no bestemt seg.

– Slik det kjennest akkurat no, kjem eg til å spele, sa han på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

Ifølgje rapportane har Woods spelt godt på treningsrundane på Masters-banen hittil. Amerikanaren får som tidlegare vinnar automatisk plass i startfeltet i Augusta. Vinnaren får den velkjende grøne jakka og rundt 17 millionar kroner i premiepengar.

Woods står med 109 triumfar på profesjonelt nivå. Han har vore verdseinar i alt 683 veker og var det seinast i oktober 2010. Han deler rekorden på 82 sigrar på PGA-touren med Sam Snead, som vann sin første i 1936 og sin siste i 1965.

(©NPK)

Tiger Woods stadfestar at han vil delta i US Masters torsdag. Foto: Matt Slocum / AP / NTB

Annonse