Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Orkla Foods Norge trekker tilbake ytterlegare to av Toros tomatsuppe-posar fordi dei kan innehalde egg.
npk@npk.no
Publisert: 05.11.2015 kl 17:07
Dei kan dermed gi allergisk reaksjon for folk med eggallergi, opplyser selskapet i ei pressemelding.
– Maten vår skal vere i samsvar til deklarasjon og trygg å ete, og er han ikkje det så er det vår plikt å trekke han frå marknaden, seier administrerande direktør Paul Jordahl i Orkla Foods Norge.
Dei to nye tomatsuppe-posane som vert trekte tilbake er Toros tomatsuppe merkt best før 10. september 2017, og Toros tomatsuppe med makaroni, merkt best før 11. september og 17. september i 2017.
Tidlegare har selskapet trekt tilbake tomatsuppeposar med andre best før-datomerkingar, i tillegg til Toros bearnéssaus-posar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.