Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Prioriteringsrådet for helsetenesta meiner gutar i 12-årsalderen bør få tilbod om gratis HPV-vaksine, men berre dersom styresmaktene klarer å forhandle ned prisen på vaksinen.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 18:01
Jenter får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet tilbod om vaksine mot humant papillomavirus (HPV), som kan forårsake livmorhalskreft. No meiner altså prioriteringsrådet, som gir tilrådingar til helsestyresmaktene, at også gutar burde bli vaksinert.
– Formålet er å gi individuell beskyttelse mot HPV-relatert kreft også for menn som har sex med uvaksinerte kvinner, menn som har sex med menn, redusere mengda HPV i befolkninga og eventuelt redusere førekomsten av kjønnsvorter, heiter det i vedtaket.
Rådet skriv vidare at det er «ein klar føresetnad at det blir forhandla fram ein akseptabel pris på vaksinen».
HPV kan forårsake kreft i munn, svelg og anus. Det er derimot mindre dokumentasjon på at vaksinen førebyggjer kreft hos menn, slik ein har når det gjeld livmorhalskreft. Førekomsten av slike kreftformer hos menn er dessutan lågare enn førekomsten av livmorhalskreft hos kvinner.
Det er Folkehelseinstituttet som forhandlar med legemiddelprodusentane om pris på vaksinar som blir tilbode i barnevaksinasjonsprogrammet. Men det er opp til helsedepartementet å avgjere om det vil setje av pengar til å tilby vaksinen til gutar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.