Annonse

Tilsette ved Nasjonalmuseet krev at museet fremjar palestinsk kunst

70 tilsette ved Nasjonalmuseet har skrive under på eit opprop om å vise solidaritet med Gaza, mellom anna ved å fremje palestinsk kunst.

– Vi er bekymra for overlevingsevna til museet i framtida dersom det ikkje tek eit tydelegare samfunnsansvar. Leiinga ved museet kan ikkje velje seg ein del av visjonen og forkaste resten, seier ein talsperson for dei tilsette som stiller seg bak oppropet, til NRK.

Personen har skrive under på oppropet med fullt namn, men ønskjer å vere anonym i pressa.

Dei 70 tilsette som har signert, krev mellom anna at Nasjonalmuseet skal løfte fram den palestinske kunsten som museet har i samlinga si. Men først og fremst krev dei at museet sluttar seg til oppropet om permanent våpenkvile på Gazastripa.

– Det å ikkje seie noko om det som skjer i Gaza i dag, er å forhalde seg stillteiande til eit folkemord og øydelegginga av ein del av vår felles kulturarv, skriv dei tilsette i oppropet.

Dei ber også om at museet, som er det største kunstmuseet i Norden, boikottar kunstfaglege og økonomiske samband med israelske institusjonar.

Museumsdirektør Ingrid Røynesdal fortel til NRK at leiinga jamleg diskuterer korleis Nasjonalmuseet skal forhalde seg til denne og andre konfliktar.

– Hovudlinja til styret og leiinga er som nasjonalmuseum å ikkje ta stilling til geopolitiske konfliktar. Nasjonalmuseets visjon er å gjere kunsten tilgjengeleg for alle, seier Røynesdal.

(©NPK)

70 Nasjonalmuseet-tilsette har skrive under på eit opprop der dei krev våpenkvile i Gaza, at palestinsk kunst blir løfta fram, vern av palestinske kunstnarar og boikott av israelske institusjonar. Foto: Rodrigo Freitas / NTB