Tilstanden framleis alvorleg for éin passasjer frå Viking Sky

Sju personar er framleis på sjukehus etter havariet til cruiseskipet Viking Sky, opplyser Helse Møre og Romsdal.

For ein av dei er tilstanden alvorleg, men stabil, opplyser helseføretaket. Pasienten er innlagt ved intensivavdelinga ved Kristiansund sjukehus.

Det er venta at fleire av dei resterande pasientane blir utskrivne gjennom tysdagen.

(©NPK)