Klargjør siden...

Tiltalt jeger har blitt venn med mannen han skaut

(NPK-NTB): Ein mann i 70-åra måtte fredag møte i Fredrikstad tingrett, etter han ved eit uhell trefte ein mann med eit rifleskot gjennom ein hyttevegg i 2013. I ettertid er mennene blitt venner.

Mannen er tiltalt for kroppsskade ved aktlaus bruk av våpen.

Under elgjakt på Melkeberget på Hvaler i oktober 2013 skaut tiltalte eit skot med ei jaktrifle mot ein elgkalv, men han bomma. Skotet trefte ei hytte som låg bak elgen, kula suste gjennom veggen og trefte ein mann i 70-åra som var på badet.

Fornærma seier til Fredriksstad Blad at han syns det er trist at saka no har komme opp i retten.

– Det er vondt. Eg har ikkje meldt han. Eg hadde håpa vi skulle sleppe å sitte i ein rettssal, og at dette kunne vore avgjort som ei vanleg tilståingssak, sa fornærma fredag. Ifølgje bistandsadvokaten hans har han stor sympati for mannen som skaut.

Tiltalte sa at den hyppige kontakten og vennskapet med fornærma og kona hans har betydd alt for han etter uhellet.

Påstanden frå aktor er på 60 dagars fengsel på vilkår og erstatning på drygt 200.000 kroner for utgifter, mein og oppreising. Tiltalte erkjenner fullt erstatningsansvar. (©NPK)

Annonse