Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Folk frå Tine har funne «jarlsbergost-type» i fleire butikkar, noko som er i strid med rettsavgjerda mot Synnøve Finden. Konkurrenten har fjerna produkta, men varslar samtidig at saka blir anka.
npk@npk.no
Publisert: 15.02.2016 kl 11:20
Sist oppdatert: 15.02.2016 kl 14:55
Tine har retten til å bruke varemerket Jarlsberg. Follo tingrett konkluderte fredag med at Synnøve Finden må stanse osten dei har merkt «jarlsbergost-type». Dagen etter melde Aftenposten at Synnøve Finden var i ferd med å klistre merkelappen «sensurert» over den forbodne påskrifta på 100.000 ostepakker.
Tine-folk har i helga gjennomført stikkprøvar i butikkar i Oslo-regionen og fleire stadar funne osten av merket Kongsgård i kjølediskane, utan at emballasjen var sladda, skriv Nationen.
«Ved fleire utsalsstadar var osten tilgjengeleg i den omstridde forpakninga, noko som inneber eit klart brot på rettsavgjerda», skriv Tine i eit brev til Follo tingrett måndag.
– Tine har gjort oss merksame på to butikkar der det ikkje er rett merkt. Osten er tatt bort frå dei to butikkane, seier kategoridirektør Magnus Tollefsen i Synnøve Finden til avisa. Han seier dei gjer alt dei kan for å hindre at umerkte ostepakkar blir selt i fleire butikkar.
Dette blir delvis avvist av Magnus Tollefsen i Synnøve Finden. Han hevdar i ei pressemelding at «sensurert»- etikettane først vart bestilt klokka 12.31 fredag, etter at dei fekk rettsavgjerda klokka 10.46.
Hos Tine kallar ein operasjonen eit velregissert stunt og meiner konkurrenten har spekulert på ein ostesensur.
– Det er svært overraskande at ein aktør som Synnøve Finden ikkje respekterer rettsavgjerda. Retten meiner Synnøve tok ein bevisst og kalkulert risiko trass i at dei visste om rettane til Tine, seier direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar Lars Galtung i ei pressemelding.
Hos Synnøve Finden avviser ein at dette var ei bevisst kampanje.
– Nei, dette handlar om å ta sine forholdsreglar dersom verste scenario skulle inntreffe. At dette er eit PR-stunt, er ikkje rett, seier Tollefsen til Aftenposten. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.