To år til Paris-OL – lokkar med «vidopne leikar»

Arrangøren av sommarleikane i Paris i 2024 markerer at det er to år til opningsseremonien ved å lansere mottoet til leikane: «Vidopne leikar».

Arrangøren seier at mottoet (på fransk «Ouvrons grand les Jeux») speglar ønsket om å gjere leikane tilgjengelege og bruke dei til å motverke fordommar. Det inneber mellom anna spesielt fokus på likestilling, LGBTQ+-rettar og funksjonshemma sine rettar.

Mottoet gjeld både OL og Paralympics.

– Vidopne leikar har vore sentralt for oss heilt frå starten. Det er eit enkelt slagord som seier akkurat det som er viktig for oss, seier presidenten til organisasjonskomiteen Tony Estanguet.

Frankrikes president Emmanuel Macron har dei siste dagane hatt samtalar med IOC-president Thomas Bach og gjenteke si støtte til planane om ein storslått opningsseremoni langs Seinen.

På elva

Det er sett spørsmålsteikn ved kostnadene og tryggingsutfordringane i samband med opningsseremonien. Estanguet seier at Marcon, regjeringa og politisjefen i Paris har erklært si heilhjarta støtte til planane.

Ein vil bryte med olympiske tradisjonar og la vere å avvikle opningsseremonien på ein arena. I staden skal han gå føre seg på elva som renn gjennom den franske hovudstaden. Utøvarane og andre involverte skal fraktast på båtar forbi landemerka i byen og mange av OL-arenaene. Arrangøren planlegg for minst 600.000 tilskodarar, dei fleste av dei utan behov for billettar, og kallar det den største opningsseremonien i OL-historia.

Inga gambling

– Vi tek ingen sjansar med tryggleiken til utøvarane eller tilskodarane. Det er ingen betydelege hindringar for å gjennomføre denne seremonien, meiner Estanguet.

Arrangøren har også avslørt detaljar om dei 10 millionar billettane. I alle idrettar vil dei billigaste billettane koste 24 euro (240 kroner etter dagens kurs), og nær halvparten av billettane som blir lagde ut for sal skal koste 50 euro eller mindre.

Alle billettar vil vere digitale, mellom anna for å motverke svartebørssal og svindel.

Leikane i Paris blir avvikla i tida 26. juli til 11. august 2024.

(©NPK)

OL-ringane utanfor rådhuset i Paris. Foto: Lewis Joly, AP / NTB

Annonse