Annonse

To av tre brasilianske fryktar negativ OL-effekt

(NPK-NTB-AP): Brasilianarane trur OL i Rio de Janeiro vil gjere landet meir vondt enn godt.

Det viser ei meiningsmålinga utført av Datafolha. Den røper òg at halvparten av dei spurte er imot OL-arrangementet.

Populariteten til OL har sokke monaleg samstundes som Brasil er inne i sin verste nedgangsperiode. Arbeidsløysa og inflasjonen har skote i vêret, og i juni erklærte Rio de Janeiros guvernør finanskrise.

Meir enn halvparten av brasilianarane meiner tryggingsproblema er skammelege. Talet på drap og ran har stige dette året.

Datafolha intervjuet 2792 menneske mellom 14. og 15. juli i 171 byar. (©NPK)

Annonse