Annonse

To av tre oljejobbar vil forsvinne innan 2050, ifølgje rapport

Innan 2050 vil over 60.000 jobbar i oljesektoren vere borte, ifølgje ein fersk rapport.

Rapporten «Rettferdig grønn omstilling» er gjennomført av Samfunnsøkonomisk analyse på oppdrag av alliansen Broen til fremtiden, skriv Stavanger Aftenblad. Alliansen består av mellom anna Naturnvernforbundet, Greenpeace, Fagforbundet og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

I fjor var rundt 95.000 sysselsette i oljesektoren, medan rapporten peikar på at to tredelar av desse jobbane vil vere borte i åra fram til 2050. Då vil talet på oljejobbar vere reduserte til 32.100, ifølgje rapporten.

Samtidig vil nye jobbar i grøne næringar som havvind, batteri, hydrogen og karbonfangst- og lagring kunne erstatte mange av dei tapte jobbane. Rapporten estimerer at 63.000 fleire jobbar innan desse næringane i same tidsperioden.

(©NPK)