Klargjør siden...
Annonse

To av tre seier dei ikkje vil ha utvida søndagshandel

(NPK-NTB): I ei ny undersøking svarar 63 prosent at dei ikkje ønskjer ei ytterlegare liberalisering av opningstidslova på søndagar. Men søndagshandelen aukar likevel.

Det er i ei undersøking utført av Norstat for avisa Vårt Land at 63 prosent meiner at opningstidene på søndagar bør vere som no, eller strammast inn.

41 prosent meiner reglane bør vere som i dag, mens 22 prosent meiner dei bør strammast ytterlegare inn.

Av dei spurde svarar 19 prosent at det ikkje bør vere avgrensingar på storleiken på butikkane, mens 17 prosent meiner det ikkje bør vere noko som helst avgrensing på opningstider på søndagar.

Daglegvarekjedene peiker på at det ikkje er samanheng mellom kva folk seier, og kva dei faktisk gjer.

– Uavhengig av kva folk seier i undersøkingar, aukar søndagshandelen. Det er openbert at folk vil handle på søndagane, seier Jan Frode Johansen, administrerande direktør i Rema Franchise.

Han får støtte både frå Bunnpris og Joker, som melder om gode omsetningstal for søndagar, noko også forskar Randi Lavik ved Statens institutt for forbruksforsking sluttar seg til.

– Det er så enkelt at folk svarar ut frå ei politisk meining om korleis dei meiner det bør vere, samtidig som dei som forbrukarar vil nytte moglegheita til å handle på søndagar. Vi gjer det som er bekvemt for oss, og dei som er mot søndagshandel vil likevel bruke søndagane til suppleringshandel, seier Lavik. (©NPK)

Annonse