Annonse

To døde då tog kolliderte med lastebil i Italia

To personar omkom og minst 15 vart skadde då eit tog køyrde inn i ein lastebil som var på sporet utanfor Torino i Italia onsdag kveld.

Togføraren vart bekrefta omkomne på staden, ifølgje det italienske nyheitsbyrået ANSA. Få timar seinare døydde ein av to kritisk skadde på sjukehus.

Dei fleste av dei andre skadde var passasjerar i ulykka som fann stad klokka 23.30 utanfor Torino.

Ifølgje det lokale jernbaneverket var bommen som skal hindre trafikk over togsporet, gått ned, men lastebilen hadde pløgd gjennom denne og stoppa på sporet. Sjåføren vart ikkje skadd, ifølgje byrået.

(©NPK)

Nødetatane jobbar på staden etter at eit tog krasja inn i ein lastebil nord i Italia onsdag kveld. To personar omkom. Foto: Torino Today / AP / NTB scanpix