Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Eit amerikansk droneangrep sør i Yemen har drepe to påståtte al-Qaida-medlemmer. Det er det andre dødelege angrepet på to dagar, opplyser sikkerheitskjelder måndag.
npk@npk.no
Publisert: 13.06.2016 kl 07:57
Målet for dronen var ein bil i bevegelse i distriktet Habban.
– Angrepet drap to al-Qaida-medlemmer og såra sjåføren deira, seier ei av dei amerikanske sikkerheitskjeldene.
Eit droneangrep laurdag drap to andre antatte al-Qaida-medlemmer i eit køyretøy i Maarib-provinsen, aust for hovudstaden Sanaa.
Al-Qaida har dratt fordel av maktvakuumet i Jemen, som har oppstått på grunn av borgarkrig i landet. USA utfører regelmessig luftangrep mot al-Qaida. I mars vart fleire enn 70 tilhengarar drepne i eit angrep mot ein treningsleir vest for Mukalla. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.