To funne døde i sakna bil

(NPK-NTB): To personar vart fredag kveld funne døde i ein bil som har vore sakna i Nordfjord.

Politiet fann bilen i sjøen ved Røyrvikneset klokka 18.23. Funnet vart gjort etter tips frå publikum.

Bilen høyrer til to ungdommar som har vore sakna i området sidan onsdag kveld, og to personar er funne omkomne i bilen. Dei omkomne er ikkje identifiserte, men familiane til dei sakna er varsla om funnet, opplyser politiet.

Ein større leiteaksjon gjekk føre seg fredag for å finne ungdommane. Eit Sea King redningshelikopter, redningsskøyta, Røde Kors og politiet vart sett inn i søket.

Ungdommane vart sist sett køyrande i ein blå Golf på fylkesveg 618 mellom Selje og Vågsøy onsdag kveld. Dei to er heimehøyrande i Sogn og Fjordane. Dei er elevar på vidaregåande skule. (©NPK)

Annonse