To gutar lettare skadde i bilulykke i Arna

(NPK-NTB): Dei to gutane som blei frakta til Haukeland universitetssjukehus etter ei påkøyring ved ein barneskule i Arna utanfor Bergen, er lettare skadde.

Politiet fortalde om påkøyringa på Twitter måndag klokka 14.43.

– Meldingane frå patruljen er at barna, som er i sju-åtteårsalderen, er kritisk skadde. Dei er no frakta med luftambulanse til Haukeland, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til NTB etter ulykka.

Seinare på ettermiddagen opplyste sjukehuset at dei to gutane slapp frå ulykka med lettare skader.

Barna var ifølgje Magnussen medvitne då ambulansen kom til staden måndag ettermiddag.

– Barna skal ha blitt påkøyrde av ein taxi som skulle inn på skuleplassen. Bilen hadde låg fart, sa Magnussen.

– Eg såg ikkje barna, sa taxisjåføren til Bergensavisen.

Til avisa sa mannen at barna må ha lege på bakken då ulykka skjedde. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Ulykkesgruppa i Statens vegvesen er varsla om ulykka. (©NPK)