Klargjør siden...

To kvinner zikasmitta i Vietnam

(NPK-NTB-Reuters): Vietnams helsedepartement opplyser at to kvinner er smitta av zika, dei første tilfella av viruset i landet.

Ei 64 år gammal kvinne frå strandbyen Nha Trang og ei 33 år gammal kvinne i Ho Chi Minh-byen vart begge sjuke i slutten av førre månad. Tre rundar med testar har påvist at dei er smitta av det myggborne viruset, opplyser departementet.

Dei to pasientane er i stabil tilstand, og det er ikkje funne spor av zika hos slektningane deira eller naboar.

Zikaviruset er i Brasil kopla tusenvis av tilfelle av mikrokefali, ei sjeldan misdanning hos foster. Misdanninga gir barna uvanleg små hovud og kan føre til utviklingsvanskar.

Brasil har avdekt over 860 tilfelle av mikrokefali, og styresmaktene vurderer at dei fleste av dei kan knytast til zikasmitte hos mødrene. I tillegg granskar ein ytterlegare 4.200 mistenkte tilfelle av mikrokefali. (©NPK)

Annonse